tor. 27.08 19:00 - 20:52
Det Norske Teatret
Kjærast Film & Samtale Kjøp billett

Torsdag 27.08 blir det ei heilt unik visning av Erik Poppes nyaste film, KJÆRAST, basert på eit manus av Jon Fosse. Filmen blir vist i Sal 3 på Det Norske Teatret, og etter filmen stiller filmens regissør Erik Poppe, journalist og forfattar Cecilie N. Seiness til samtale.

Praktisk info

Dato og tidspunkt: torsdag 27.08 kl. 19.00

Sted: Sal 3, Det Norske Teatret, Kristian IVs gate 8

Aldersgrense: 9 år

Filmen er teksta på nynorsk.

Program

Kl. 19:00: Framsyning av filmen KJÆRAST

Kl. 21:00: Regissør Erik Poppe og redaktør i Samlaget, Cecilie N. Seiness i samtale

Arrangementet varar til kl. 21.30

Billettprisar

Ordinær billett kr 200,-

Yngda-medlemmar og Oslo Pix festivalpass kr 150,- 

Om filmen

Asle og Gerd møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkommen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, åleine med barnet. Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet blir stilt: Kor mykje avstand toler kjærleiken?

KJÆRAST er ei sår, visuell og sterk historie om kjærleik, skriven av nobelprisvinnar Jon Fosse.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Samlaget, Paradox, SF Studios og Oslo Pix Filmfestival.